NAV
Den 17. mars 2009 vart NAV-kontoret i Balestrand offisielt opna. Her er nokre bilete frå opninga: 
Fylkesdirektør Tore Thorsnes og rådmann Vidar Roseth  "Skoen" - produsert av Balestrand Industrier 17.februar flytta vi inn dei nye lokala våre i Rådhuset. Slik ser dei ut no: 


Vi takkar alle som sto på i ein kort og hektisk byggeperiode. Vi tilsette er svært nøgde med lokala. Vi vonar no at innbyggjarane i Balestrand vert nøgde med NAV sine tenester. NAV Balestrand skal ta hand om både statlege og kommunale oppgåver.
Dei kommunale oppgåvene omfattar:
- Økonomisk sosialhjelp
- Kvalifiseringsprogrammet
- Råd, rettleiing og arbeid med individuelle planar etter sosialtenestelova
- Husbanken sine tilskotsordningar
- Gjeldsrådgjeving
- Støttekontakt, besøksheim, avlasting
- Omsorgsløn
- Midlertidig husvære
- Følgjekort, parkeringsløyve for funksjonshemma og drosjekort
Informasjon om dei statlege oppgåvene finn du på http://www.nav.no NAV Balestrand ynskjer å understøtte kommunen si målsetting om tilflytting til kommunen. Og vil ha særskilt fokus på rekruttering av arbeidstakarar og at næringslivet vel NAV Balestrand ved rekrutteringsbehov. Arbeids- og aktivitetstiltak særleg retta mot ungdom under 24 år, framandspråklege og uføretrygda
God kontakt med arbeidslivet for å behalde/få folk i jobb
Leiar: Anne Tove Sjøthun Nyheim Tilsette: Rådgjevar Vigdis Sæterbø og Brit Sundgot Lenke til NAV Kommunenavet
|