kommunevåpen
English


Inspirerer deg

Ledige stillingar

Ungdomsarbeidar

Registrert: 24.08.2010
Søknadsfrist: 13.09.2010
Elektronisk søknadsskjema
Kontaktperson: Arne Abrahamsen

Balestrand kommune søkjer ein person til fast stilling som ungdomsarbeidar. Då stillinga jobbar for og med ungdom, er dette ei av dei viktigaste og mest spennande stillingane i Balestrand kommune. Vi søkjer difor etter ein person som kan inspirere, er fleksibel, samarbeidsvillig og som liker å vere saman med ungdom. 

Ungdomsarbeidaren skal vere kontaktperson for ungdom i bygda. Han/ho skal hjelpe til med å gjennomføre ulike aktivitetar . Viktige faste oppgåver er ansvar for drift av ungdomens hus, oppfølging av ungdomsrådet og gjennomføring av UKM.  Arbeidstida vert for det meste på kveldstid. Det vil og verte noko helgearbeid. Stillinga er i utgangspunktet 50%, men dette kan til ei viss grad tilpassast den som vert tilsett i stillinga.

Stillinga vert løna anten som fagarbeidar eller assistent etter kvalifikasjonar og med tariffesta tillegg for kveds og helgearbeid. For nærare opplysningar om stillinga, ta kontakt med plan- og utviklingssjef Arne Abrahamsen, tlf. 57651210.

 

Pleie- og omsorgsleiar

Registrert: 03.09.2010
Søknadsfrist: 24.09.2010
Elektronisk søknadsskjema
Kontaktperson: Vidar Roseth

Det er ledig stilling som pleie- og omsorgsleiar i Balestrand kommune. Stillinga er tillagt det administrative og faglege leiaransvaret for verksemda i pleie- og omsorgstenestene. I dette inngår:

 

-          planlegging og samordning av drifta/tenestetilbodet pleie- og omsorgstenestene har ansvaret for

-          vidareutvikling av tenestene

-          personalforvaltning og -utvikling

-          ressurs- og økonomistyring

-          klient-/pasientadministrasjon

 

I tillegg til leiaroppgåver må pleie- og omsorgsleiaren pårekne å utføre ein del sakshandsamingsoppgåver.

 

Kvalifikasjonskrav

  • Relevant utdanning på universitets/høgskulenivå
  • Ønskjeleg med 3-årig helse- og/eller sosialfagleg utdanning.
  • Administrativ tilleggsutdanning og erfaringsbakgrunn.
  • Det er ei føremon med erfaring frå stilling i tilsvarande verksemd, kunnskap om budsjett/økonomistyring og kjennskap til bruk av IT-verktøy.
 

Personlege eigenskapar vert tillagt stor vekt, herunder interesse for personal- og organisasjonsutvikling, gode kommunikasjons- og samarbeidsevner og evne til initiativ og målretta arbeid. Det vert og stilt krav til fleksibilitet og evne til omstilling.

 

For nærare informasjon om stillinga, ta kontakt med vår rådgjevar Jan Tveit hjå Headvisor, tlf. 975 39 990, eller rådmannen Vidar Roseth, tlf 57 65 12 06.

 

Kortfatta søknad med CV til kandidat@headvisor.com  innan 24.09.2010.

Opningstider


Bustadmarknaden - bustad & eigedom for kjøp og sal

Aktivitetskalender

12.09: Turen Saurdalen - Tenndalen er avlyst
14.09: Linedance
Gå til aktivitetskalendar

Aktuelle lenker

NRK Fylkesleksikon Sognekart.no Næringsplan 2006 - 2009 Framtidsfylket Balestrand sentrum Kommuneplanen
Balestrand kommune - Rådhuset - 6899 Balestrand - Sentralbord: 57 65 12 00 - Telefax: 57 69 12 05 Ansvarleg redaktør: Vidar Roseth. [Skrivartipassa]

Valid XHTML 1.0 Transitional    gang Interaktiv
1