kommunevåpen
English


Inspirerer deg

Skulestart

Ordførar Einar Målsnes
Av: Ordførar Einar Målsnes

Sommaren er på hell og det er ein spanande tid for alle som skal ha sine første skuledager. I småskulen går elevtalet i kommunen nedover, men spanande er det likevel for dei mange som starter på ei ny epoke i eit ungt liv med skulegang. Lykkelege kan dei vere over at deira eldre sysken og naboungar har gått ut av skulen med dei beste resultat i landet. Vi har ein stabil lærarstand som gjør sitt beste til at vi har gode skuler i kommunen vår som produserar dei beste resultata.

På Sygna videregåande skule er det i år ved skulestart fulle internat og 184 elevar frå heile landet. Gledeleg er det at vi har dette skuletilbodet, som også bidreg med mykje anna positivt i lokalmiljøet. Sygna er den største private arbeidsplassen vi har. Velkommen til Balestrand alle elevar!

Sommaren har gjeve oss mange opplevingar. Turistsesongen ser relativt bra ut. Vi har sett at campingplassene og hyttene har hatt ein god sesong, Kringsjå er kåra til ein tetplass i verda over Vandreheimar og Balestrand Hotell er kåra til landest beste hotell. Gratulerer alle saman, dette er flott! Dei skårar på kvalitet og kundebehandling, det lovar godt for framtida. Eit par av bedriftene har også vore inne i eit generasjonsskifte i år og ein ser at ny og ung satsing har gjeve resultat alt første året. Det er kjempefint og eg vil oppfordre enda fleire av våre ungdommer til å komme heim og satse. Vi treng dykk alle! I sommar er det avvikla to internasjonale ungdomssamlingar i Balestrand der vaksne ungdommar har komme saman til felles inspirasjon og utvikling. Det som betyr mykje fort meg er at desse samlingane er etablert og gjennomført av våre eigne unge vaksne. Dei har samla deltakarar til høgt fagleg utvikling i Balestrand innafor kunst og kultur. Dei holder kunst- og kulturbygda Balestrand i ande og gjør bygda kjent for enda fleire.

Fjærlandsfjorden har i sommar vore trafikkert av M/F Skånevik. Det er eit initiativ frå lokale aktørar som ikkje ville se sambandet på Fjærlandsfjorden lagt ned. Skal tilbodet utvikle seg til det vi ynskjer er det avhengig av trafikkvekst. Langsiktig marknadsføring og eit godt salsapparat av næringen i Balestrand er tilbodet heilt avhengig av. Eg kan absolutt anbefale ein tur for oss fastbuande også.

På fjorden ser vi også den nye M/S Sognekongen, ein stor og ny generasjon ekspåressbåt som glir nesten utan at vi høyrer det inn fjorden. Denne flotte farkosten skal døypast hos oss i Balestrand torsdag 19. august, so då må alle flagg i Balestrand til topps og alle som vil må møte fram til sermonien på kaia kl 1200. Det er ikkje kvar dag vi døypar ein konge i Balestrand!

Endå ein nyheit er brenneriet til Ciderhuset som no er opna av sjølvaste mat- og landbruksministaren. Også her ser vi pionerarbeid i Balestrand som vert lagt merke til utover.

Enda har vi litt sommar og mykje haust igjen. På fjellet er det no den finaste tida. Milevis med løypar er i løpet av sommaren merka og den som vil sanke bær og multer må komme seg opp i høgda. Vi står også framfor ein ny jaktsesong og i år er det gjeve løyve for felling av nesten 400 hjort.

God tur og god jakt alle saman - ha ein fin tid!

 

Helsing

 

 

Einar

 

 


Opningstider


Bustadmarknaden - bustad & eigedom for kjøp og sal

Aktivitetskalender

12.09: Turen Saurdalen - Tenndalen er avlyst
14.09: Linedance
Gå til aktivitetskalendar

Aktuelle lenker

NRK Fylkesleksikon Sognekart.no Næringsplan 2006 - 2009 Framtidsfylket Balestrand sentrum Kommuneplanen
Balestrand kommune - Rådhuset - 6899 Balestrand - Sentralbord: 57 65 12 00 - Telefax: 57 69 12 05 Ansvarleg redaktør: Vidar Roseth. [Skrivartipassa]

Valid XHTML 1.0 Transitional    gang Interaktiv
1