Førebuing til samhandlingsreforma
I den komande samhandlingsreforma skal det prioriterast høgare å førebygge og avgrense sjukdom. Gjennom satsing på kommunehelsetenesta skal folk og få eit betre tilbod om helsetenester nær der dei bur. Samhandlinga mellom spesialisthelsetenesta og kommunehelsetenesta skal betrast. At det siste betyr mykje, viser att i namnet på reforma. Les meir om samhandlingsreforma her. Saman med 10 kommunar i Sunnfjord og HAFS-regionen og Bremanger og Høyanger har Balestrand kommune søkt om og fått midlar frå programstyret for fornying og IKT og frå Helse- og omsorgsdepartementet til eit samarbeid om førebyggjande arbeid og eit betre rehabiliteringstilbod.
|