kommunevåpen
English


Inspirerer deg

Balestrand tek i mot flyktningar


 

Balestrand formannskap gjorde den 20.05.10 slikt vedtak:

"Balestrand kommune buset inntil 10 flyktningar frå 01.09.10. Arbeidsgruppa vidarefører dialogen med IMDi for å oppnå ei gruppe som Balestrand kommune kan vere best i stand til å integrere.

Det vert oppretta eit engasjement som miljøterapeut i inntil 70 % stilling. Administrasjonen får fullmakt til å vurdere det nærare behovet for stillingsressurs innanfor denne ramma og tidspunkt for oppretting av engasjementet."

Kommunen har no fått konkrete førespurnader frå IMDi om å busette kvinner frå Eritrea, og desse vil venteleg kome frå slutten av september. Meir informasjon om dette vil kome etter kvart.

Det er NAV-kontoret som vil ha ansvar for å koordinere kommunen sitt arbeid i høve til busetting og integrering av flyktningane. Det er etablert ei 70 % stilling som flyktningkonsulent ved NAV-kontoret (engasjement fram til 01.01.12).  Det er gjort tilsetjing i stillinga, og vedkomande tek til frå desember.

 

 

Skrive av: Vidar Roseth
Publisert: 15.07.10 13:40
Attende til startsida

Opningstider


Bustadmarknaden - bustad & eigedom for kjøp og sal

Aktivitetskalender

12.09: Turen Saurdalen - Tenndalen er avlyst
14.09: Linedance
Gå til aktivitetskalendar

Aktuelle lenker

NRK Fylkesleksikon Sognekart.no Næringsplan 2006 - 2009 Framtidsfylket Balestrand sentrum Kommuneplanen
Balestrand kommune - Rådhuset - 6899 Balestrand - Sentralbord: 57 65 12 00 - Telefax: 57 69 12 05 Ansvarleg redaktør: Vidar Roseth. [Skrivartipassa]

Valid XHTML 1.0 Transitional    gang Interaktiv
1