kommunevåpen
English


Inspirerer deg

Sogn brann og redning


 

Etter eit omfattande utgreiingsarbeid og vedtak i kommunestyra er det no klart: Luster, Sogndal, Leikanger, Vk og Balestrand vil frå 01.01.11 etablere eit felles brann- og redningsselskap - Sogn brann og redning IKS.

Bakgrunnen for dette er dei auka krava på brannvernområdet som inneber utfordringar som ein betre kan løyse gjennom eit samarbeid. Dette gjeld ikkje minst det førebyggjande brannvernet.

Samarbeidet vil vere organisert som eit interkommunalt selskap (IKS) med fellesadministrasjon i Sogndal.

I samarbeidet vil ein ha felles brannsjef og administrasjon og felles førebyggjande verksemd (m.a. feiing og tilsyn). I høve til brannberedskapen vil det vere utrykningsstyrker og stasjonar i kvar kommune, som no. 

Andre oppgåver som det kan vere aktuelt å knyte til, er m.a. felles byggetilsyn.  

Til hausten vil selskapsavtalen og nærare avklaringar i høve til samarbeidet kome til politisk handsaming.

Les rapporten som låg til grunn for den politiske handsaminga her.

 

 

Skrive av: Vidar Roseth
Publisert: 14.07.10 13:10
Attende til startsida

Opningstider


Bustadmarknaden - bustad & eigedom for kjøp og sal

Aktivitetskalender

12.09: Turen Saurdalen - Tenndalen er avlyst
14.09: Linedance
Gå til aktivitetskalendar

Aktuelle lenker

NRK Fylkesleksikon Sognekart.no Næringsplan 2006 - 2009 Framtidsfylket Balestrand sentrum Kommuneplanen
Balestrand kommune - Rådhuset - 6899 Balestrand - Sentralbord: 57 65 12 00 - Telefax: 57 69 12 05 Ansvarleg redaktør: Vidar Roseth. [Skrivartipassa]

Valid XHTML 1.0 Transitional    gang Interaktiv
1