kommunevåpen
English


Inspirerer deg

Miljøfyrtårn


 

Balestrand kommune sluttar seg til eit interkommunalt samarbeid i Sogn, og blir miljøfyrtårn-kommune. Det inneber at verksemder i kommunen kan bli miljøsertifiserte.

Ved sertifisering blir det gjennomført ein miljøanalyse for verksemda, og den skal oppfylle visse bransjekrav når det gjeld miljøkunnskap, arbeidsmiljø, energibruk, innkjøp, materialbruk, transport, utslepp m.v. Det er grunn til å rekne med at fleire verksemder i kommunen ynskjer slik sertifisering. I tillegg til at det vil kunne ha ein gunstig miljøeffekt at verksemder er miljøsertifiserte, kan det vere viktig for omdømet og marknadsføringa/marknadsposisjonen for den enkelte verksemda. Som innehavar av lisens vil kommunen kunne få eit godt oversyn over miljøstatusen i både kommunale og private verksemder. Tenestene blir ytt av Sogndal kommune. Satsinga er bra i tråd med både fylkesdelplan for klima og miljø og utarbeidd utkast til energi- og klimaplan for Balestrand kommune.

Bakgrunn

Miljøfyrtårn er ei nasjonal ordning som tilbyr miljøsertifisering til private og offentlege verksemder. Miljøverndepartementet støttar ordninga, som byggjer på eit lokalt samarbeid mellom kommune og verksemder. Stiftinga Miljøfyrtårn administrerer ordninga.

I styret til Miljøfyrtårn sit representantar frå KS, utvalde kommunar, NHO, Bedriftsforbundet, Handels- og Servicenæringenes hovudorganisasjon og LO. Miljøfyrtårn er slik sett forankra som eit nærings- og miljøpolitisk verkemiddel i både privat og offentleg sektor.

Stiftinga Miljøfyrtårn krev at alle sertifiserte verksemder årleg rapporterer miljøprestasjonane på indikatorar som arbeidsmiljø, avfall, energi, transport, innkjøp, utslepp og estetikk. Innrapporteringa skjer i eit webbasert miljørapporteringssystem. Ved å tilfredsstille krava kan verksemder oppnå positive effektar for arbeidsmiljø og ytre miljø og det kan gi innsparing på driftssida. Miljøfyrtårn kan implementerast i eksisterande kvalitetssystem og vil såleis ikkje vere eit ekstra styringssystem.

I fylkesdelplanen for klima og miljø er miljøsertifisering av verksemder nemnd som virkemiddel i høve til fleire mål, og i Balestrand kommune sitt utkast til energi- og klimaplan er det ei målsetting at kommunen skal tilrettelegge for miljøsertifisering.

For at verksemder i Balestrand skal kunne bli sertifiserte, må Balestrand kommune sjølv kjøpe ein lisens frå stiftinga.

Regionalt samarbeid

I regionen vår slutta Aurland kommune seg til ordninga i 2006, og kommunen kjøper no sertifiseringstenester frå Voss. Seinare har også  Sogndal kommune slutta seg til ordninga. Sogndal sel frå og med 2009 tilsvarande tenester til Leikanger kommune.

Rådmannsgruppa i Sogn regionråd har drøfta dette og kome til at det vil vere fornuftig å etablere eit samarbeid om ei slik ordning i regionen. Det ligg føre eit tilbod frå Sogndal kommune til dei andre kommunane om å inngå eit samarbeid til liks med det Sogndal har gjort med Leikanger. Sogndal tilbyr seg å yte tenester med utdanna sertifisør til dei kommunane som ynskjer å slutte seg til. Rådmannsgruppa har stilt seg positiv til dette. Kommunane oppnår fleire fordeler ved å inngå eit slikt samarbeid. Arbeidet vert meir effektivt når ressursar i ein kommune kan nyttast i andre. Kommunane kan då samarbeide både om sertifiseringskapasitet og marknadsføring av ordninga. Dessutan får kommunane - ved å samarbeide slik - rabatt (40%) på den årlege lisensen.

Rådmannsgruppa bad i møte den 09.04.10 om at saka vart lagt fram for Sogn regionråd.

Regionrådet gjorde den 30.04.10 slikt vedtak:

"Sogn regionråd oppfordrar kommunane om å knytte seg til miljøfyrtårnsordninga slik at lokale bedrifter får høve til å verta sertifisert. Kommunane i regionrådet bør og vurdera å få eiga verksemd sertifisert."

Utgifter for kommunen

Kommunelisensen kostar kr 2.000 ekskl. mva. i året for kommunar med innbyggjartal under 5.000 og kr 4.000 ekskl. mva. for kommunar med innbyggjartal 5.000 - 20.000. For regionale samarbeid gir altså stiftinga 40 % rabatt på kvar kommune sin lisens.

Det vil påløpe ei utgift for kommunen på kr 7.000 for kvar verksemd som vert sertifisert. Ein kan eventuelt velje at den sertifiserte verksemda betaler denne utgifta med fyrste gongs sertifisering.

Kursutgifter for tilsette i kommunen som deltek på konsulent- og/eller sertifiseringskurs er ca kr 5.000 pr. person pr. kurs. Sogndal har altså alt teke denne utgifta. 

Utgifter for verksemdene

Den enkelte verksemda som vert sertifisert må betale eit etableringsgebyr. Dette varierer etter tal tilsette. T.d. er gebyret kr 1.850 ved færre enn 10 årsverk og kr 2.850 ved 10-29 årsverk. Det må vidare betalast ein årleg medlemskontingent som og varierer etter tal årsverk. For verksemder med færre enn 10 årsverk er kontingenten kr 800 pr år, og ved 10-29 årsverk er kontingenten kr 1.650 pr år. Dersom ikkje kommunen dekker sjølve sertifiseringsutgiftene (i dette tilfellet kr 7.000), kjem det i tillegg.

Kommunestyret sitt vedtak:

  1. Balestrand kommune vert miljøfyrtårn-kommune og deltek i det regionale samarbeidet som er skissert i saksutgreiinga. Det vert inngått avtale med Sogndal kommune om levering av tenester til same vilkår som i gjeldande avtale mellom Sogndal kommune og Leikanger kommune.
  2. Balestrand kommune dekker dei utgiftene verksemdene i Balestrand får ved fyrste gongs sertifisering.
Skrive av: Vidar Roseth
Publisert: 13.07.10 13:12
Attende til startsida

Opningstider


Bustadmarknaden - bustad & eigedom for kjøp og sal

Aktivitetskalender

12.09: Turen Saurdalen - Tenndalen er avlyst
14.09: Linedance
Gå til aktivitetskalendar

Aktuelle lenker

NRK Fylkesleksikon Sognekart.no Næringsplan 2006 - 2009 Framtidsfylket Balestrand sentrum Kommuneplanen
Balestrand kommune - Rådhuset - 6899 Balestrand - Sentralbord: 57 65 12 00 - Telefax: 57 69 12 05 Ansvarleg redaktør: Vidar Roseth. [Skrivartipassa]

Valid XHTML 1.0 Transitional    gang Interaktiv
1