Kurs for ungdomsarbeidarar. Ledige plassar.

Frå prosjektet | Kjære ungdom mellom 18 og 35 år. Då er me, Tuba Ardic og Gard Eitungjerde Høyvik i gang med eit nytt europeisk ungdomsprosjekt. Dette er eit kurs for ungdomsarbeidarar, der me vil leika saman, lære teorien bak oppvarmingsøvingar, gruppebyggings-leikar og «background gamaes». Me vil også jobba med «kreativ drama» som er ein metode der ein brukar drama i ungdomsarbeid. Me vil òg ikkje minst læra om dei ulike ungdomsprogramma, d.v.s. Læra korleis skriva søknad, søkja etter pengar og gjennomføra prosjekt. Prosjekta me vil læra om og jobba med er dei ulike delprogramma til aktiv ungdom: Delprogram 1.1 Ungdomsutveksling, Delprogram 1.2 Ungdomsinnitiativ og sjølvsagt Delprogram 4.3. - kurs for ungdomsarbeidarar, slik som dette kurset er. Kurset blir gjennomført i Balestrand i Sogn, med base i Ciderhuset (ciderhuset.no) 6-15 august. Alderskriteriet er at du skal vera mellom 18-35 år. Økonomi er ikkje noko stort problem, fordi det einaste du treng å gjera er å betala 30 % av reiseutgiftene sjølv. Ellers er kost og losji betalt. Men ta vare på billettar om du vil ha dei refundert. Så dersom du vil vera med sjølv, har nokre vener, kollega, kjenner nokre ungdomar eller ungdomsarbeidarar, så er det berre til å melda seg på. Her gjeld fyrste mann til mølla, med eit lite forbehald: me prøver å få dei nasjonale gruppene til å bli på omlag like mange menn som kvinner. Dersom du har spørsmål eller vil melda deg på er det berre til å ta kontakt: Tuba mobil: 90661756 ardictuba@gmail.com Gard mobil: 98477765 gardi80@gmail.com Kurset i august vil gå føre seg på engelsk.Det er 5 ledige plassar tilgjengeleg, og her er det fyrste mann til mølla prinsippet som fungerer.
|
Opningstider
Aktivitetskalender12.09: Turen Saurdalen - Tenndalen er avlyst 14.09: Linedance Gå til aktivitetskalendar
Aktuelle lenkerNRK Fylkesleksikon
Sognekart.no
Næringsplan 2006 - 2009
Framtidsfylket
Balestrand sentrum
Kommuneplanen
|