kommunevåpen
English


Inspirerer deg

Nye byggjesaksreglar frå 1. juli


Ny byggjesaksdel til Plan- og bygningslova trer i kraft 1.juli. Etter denne datoen eksisterer ikkje ordninga med meldingssaker; no er det berre søknadsplikt som gjeld.

For enkelte mindre tiltak på bebygd eiendom kan tiltakshavar likevel stå som søkjar utan særskilte krav til ansvarsrett. Dette gjeld følgjande tiltak:

  • Tilbygg mindre enn 50 m2. NB! Dersom tilbygget inneheld våtrom, krev dette bruk av ansvarlige føretak for søknad, prosjektering, utførng og kontroll.
  • Frittliggande bygning som ikkje skal brukast til bustadføremål der korkje samla bruksareal (BRA) eller bebygd areal (BYA) er over 70 m2.
  • Driftsbygningar i landbruket mindre enn 1000 m2.
  • Mindre skilt- og reklameinnretning.
  • Mindre antennesystem.
Nabovarsling:

Det er verdt å merke seg at i saker som nemnt ovanfor skal du som tiltakshavar stå som mottakar av eventuelle nabomerknader. Søknaden skal ikkje sendes til kommunen før nabovarslingstida på 14 dagar er over.

Tiltak unnateke frå søknadsplikt:

Som tidligare gjeld det at ei rekkje tiltak er unnateke søknadsplikt. Desse er lista opp i byggesakforskrifta § 4-1. Det er viktig å merke seg at vilkåra for unnataket er at tiltaket ikkje er i strid med bestemmelsar gjeve i plan- og bygningslova, føresegn eller reguleringsplan.

 

Skrive av: Åge Skrede
Publisert: 28.06.10 08:23
Attende til startsida

Opningstider


Bustadmarknaden - bustad & eigedom for kjøp og sal

Aktivitetskalender

12.09: Turen Saurdalen - Tenndalen er avlyst
14.09: Linedance
Gå til aktivitetskalendar

Aktuelle lenker

NRK Fylkesleksikon Sognekart.no Næringsplan 2006 - 2009 Framtidsfylket Balestrand sentrum Kommuneplanen
Balestrand kommune - Rådhuset - 6899 Balestrand - Sentralbord: 57 65 12 00 - Telefax: 57 69 12 05 Ansvarleg redaktør: Vidar Roseth. [Skrivartipassa]

Valid XHTML 1.0 Transitional    gang Interaktiv
1