Tur til Vindreken

Storslegen tur frå 0 til 1273 m.o.h., opp framsida av fjellet Vindreken, eitt av dei mest måla naturmotiva i landet. Stien opp er bratt, men er lagt trygt i terrenget. Ein går ned att Grisagrø.Vi gjer merksemd på at dette er ein opplevingstur og tempoet vert avpassa gruppa. Frammøte ved Ese camping kl. 09 00. Lengde mellom åtte og ti timar. Ta med minst ein liter drikke pr. person (lite tilgang på vatn oppover)Verforbehald (Sjå heimesida til Balestrand kommune / mobiltlf.) Påmelding til Kari Rønnestad tlf : 976 71 166Ein set grense ved 25 påmelde. Turguide Jørgen Hundseth og Kari Rønnestad Turkontigent, kr. 25 pr. person for dei som er medlemer i BHT og kr. 50 for ikkjemedlemer vert samla inn ved frammøte. Meld deg inn i BHT ved å følgje lenka over.
|